07.10.2009


Alt som skjer, skjer for fyrste gong
Det eg syng, er min fyrste song
Eg er ny for kvar dag som renn
Ny for deg

Det står eit tre ved ein vårkledd fjord
Det står ein vase her på mitt bord
Du plukka blomar frå apalgrein
og gav til meg

Vil du vita kva ljoset er,
kom då hit og ver meg nær
Eg skal sjå deg, og seia deg
kva eg ser

Eg vil gå i det vide land
Eg vil syngje om alt eg fann
Eg vil gje av ei open hand
i lag med deg

frå Odd Nordstoga sin sang "ser deg no"